Stortinget krev rask oppstart av Hafstadfjelltunnelen

Eit fleirtal på Stortinget hindrar Arbeidarpartiregjeringa i å opne nytt reguleringsplanarbeid for Hafstadfjelltunnelen i Sunnfjord. Representantar frå Frp, Høgre, Sp, KrF, Venstre og MDG peikar på at vegen allereie er vedteken og gryteklar. Fleirtalet viser til at lokalpolitikarane er samstemte, og at det no er på høg tid å kome i gang med utbygginga på E39. Stortinget forventar at regjeringa følgjer opp vedtaket og gir prosjektet maksimal framdrift.



















